Etter at Leikanger Mannskor "Tjuvstarta" i provisoriske lokale i SAFTEN ned palmerevy nr 50 i fjor, er vi klare for eksamen. Vi serverer BRØD OG SIRKUS.
Ja tittelen på årets revy er eit uttrykk frå dei gamle romarane som gav ut gratis brød og sirkus og viste gladiatorkampar for at folk ikkje skulle protestere mot den politiske styringa. Vi har teke med oss utrykket inn i årets revy. Ikkje for å stagge nokon som helst i det heile teke. Heller under mottoet – desto meir liv i politikken og på andre arenaer, desto meir liv på secnekanten. Rett og slett sirkusstemning.
Frå ”helse-operasjon” til midtlivskriser på ski
Helsedebatten går mot nye høgder, og her er det naturleg å nytta fylket sin einaste operascene som kulisse for stor dramaturgi. Kor er Harry’en ? Er han ute eller inne, og kva slags kort er det Clara har i ermet?? Mannskoret tek han heilt ut i år. Samstundes er birkebeinarane komen heim, stolte som hanar, og vi har svaret på kvifor alle tek turen over fjellet, og spesielt dei midt i 40 åra----.
Forviklingar i mange variantar
Det er liten tvil om det har vore mykje vingling både i politikken og elles rundt om i fylket. Dette gir oss moglegheiter til mange spennande skråblikk. Her kan vi nemne NAV-forviklingar, gamle fylkesflagg, framtidige FRP-idol i Førde, kyrkjelege krumspring i Høyanger, fjordsymjarar med vekstpotensiale, ordførarlønningar og for ikkje å nemne pr-kåte Stortingspolitikarar m.a. på sosiale media. I tillegg kjem det referat frå 150 jubileet frå kystbyen. Omdømmebyggaren kjem med sine betraktningar om lokale ordførarar som ”staor pao” og vi møter det bufaste sirkuset i Lærdal. Ja og mykje mykje meir…..
Systrondsbygdi er i revystemning. Vi gledar oss til å gi dykk BRØD OG SIRKUS for alle penga. Hjarteleg velkomen til kultursalen SAFTEN i Leikanger.