Eit tilbakeblikk

Frå starten til i dag

Leikanger Mannskor frå oppstarten til i dag

Leikanger Mannskor vart skipa i 1925. På fylkesarkivet fann vi denne gamle historia nedskreven. Per Lunde fortel:
" Da va ein kveld hausten 1925, eg og Rosenlund sat borte hjå Lie. So kom da påo prat om mannskor, og me vart einige om å prøva. Han Rosenlund skreiv plakatar, og eg gjekk stad og slo dei opp pao dei vanlegaste oppslagsstadene, både på Hermansverk og utover til Hanahaug "

Det var 16 mann i koret, og den første dirigenten var lærar i bygda Alf Rosenlundfrå Davik. Koret song for første gong då ungdomshusetLeikvang vart innvigd same hausten. Det var i Leikvang Palmerevyen var unnfanga 35 år seinare, i 1960

Seinare tok lærar og klokkar Olav Tveit over taktstokken fram til 1956. Frå 1960 til 1987 var Odd Njøs dirigent. I dag svingar Jon Skjeldestad frå Sogndal taktstokken over Leikanger Mannskor.

I føremålsparagrafen til koret heiter det at koret skal ”freista å vekkja sansen for god song så langt ein rekk ved øvingar og song i lag og lyd til hugnad for laget sjølv og for andre. Songlaget skal heller ikkje leggja seg bort i politisk strid eller noko slag av kulturell strid. Heller ikkje skal lagsmedlemene i songlaget leggja seg bort i bygdestrid”.

Koret kravde streng disiplin og i lovene for koret heitte det at ”Alle lagslemer i songlaget må setje si ære i å syna høvisk framferd, så laget ikkje får noko uord på seg i så måte. Særleg må alle vaka over god orden når laget skal syngja for andre, anten i eller utanfor bygdi. Dersom nokon bryt desse reglar for god orden, kan styret syna han bort frå laget. Til øvingane skal alle møta fram til den tid som er fastsett. Ingen må vere borte frå øvingane utan at andre ting krev det. Tobaksrøyking i øvingsrommet er forbode.”

Kvinneleg dirigent

I 1991 skjedde det vedunderlege for eit kvart mannskor; Ellen Lysne kom som den første kvinnelege dirigenten.
På ei av dei første øvingane mista karane konsentrasjonen på det songlege. Då lydde det høgt frå bakarste benk:
”Skjerp dikka kara. De må ikkje berre sjå på pattane. Sjå på nevane hennar og!”

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

02.07 | 14:43
LMK i media har mottatt 1
02.04 | 22:38
Palmerevyen 2006 har mottatt 1
30.03 | 15:32
Leikanger Mannskor har mottatt 11
28.03 | 14:25
Palmerevyen 2006 har mottatt 1
Du liker denne siden