Palmerevyen - eit historisk tilbakeblikk

Tilbakeblikk på Palmerevyen

Leikanger har skipa til underhaldningskveldar og og revyar kontinuerleg dei siste 47 åra.

Unnfangelsen av Palmerevyen skjedde på ein underhaldningskveld 23. januar 1960 . Det var 150 frammøtte. Gunnar Johs Vangsnes leia festen, og loddsalet gav 647 kroner og 40 øre.

I invitasjonen stod det den gongen:
Leikanger Mannskor skipar til Hyggekveld i "Leikvang" laurdag 23. januar Kl. 20.00. Program; Korsong, kåseri, musikalsl underholdning. Allsong, utlodding. Dans. Inngangspengar Kr. 3,00.

Avisa Sogn og Fjordane kunne melda :
På denne festen var koret framme og song i tre avdelingar, og det var kort kåseri ved Reidar Vangsnes. Oddvar Rosenlund hadde to frå kvar stemme i koret framme på scena til humoristisk tevling i å eta kjeks og plystra . F ormannen i koret Gunnar Vangsnes, saman med Ola O Henjum presenterte kormedlemene med frimodige ytringar i Kjell Aukrust-stil, Odd Njøs spela piano, og elles var det allsong og utlodning .”

Den første eigentlege revyen ”K’er’a kar” i 1965 markerer eit klart og avgjerande skifte, og publikum reagerte særs positivt på dette. Det vart meir vanleg med namn på framsyningane, men nemninga underhaldningskveld vart brukt omeittanna med revy til lang ut på 70-talet. Frå og med 1980 har alle framsyningane hatt eigne namn. Alle revyane etter 1981 har hatt instruktør utanfrå, og det har løfta kvaliteten.

I 1987 skjer eit nytt sprang ved at tråden i framsyningane vert klårare. Det er ikkje lengre berre snakk om enkeltnummer, men revyen vart utspelt i ein samlande sceneografi, der revynamnet også spela på spelestaden. På sognejekta ”Svømmianna” sigla Palmerevyen i 1987 inn i nye farvatn. Det vart ein vellukka seilas. I 1993 vart revyen ”Fri flyt” spela i dei nye redaksjonslokala til Sogn Avis etter at dei to avisene i bygda slo seg saman. Scenen var ein moderne dataskjerm i 1996, då Palmerevyen gjekk ”På internett med mann og mus.” I 2000 var vi i baren på gamleheimen på Skak-garden.

Men etter tusenårsskiftet gjekk det meir i retning av enkle scenebilete, nærast Black Box. På Farmen i 2005 er det framleis enkle scenografiske kår med ein utedass, ei lita seng, ein hoggestabbe og ein liten vegg.

Odd Njøs og Ola Henjum på Palmerevyen 2000. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Odd Njøs og Ola Henjum på Palmerevyen 2000. (Foto: Arild Nybø, NRK)


I 2006 vart det skreve bok om palmerevyen gitt ut av Selja forlag. Forfattar Hans Jakob Reite fylgde koret gjennom ein revysesong, og kalla boka Palemervyen - der det første kapittelet heiter "Koret du berre må sjå".


Plakaten frå Palmerevyen 2006

I samband med Palemrevy nr 50 i 2009 flytta Palmerevyen frå ungdomsskulen og inn i ein uferdig kultursal i SAFTEN, bygda si nye storstove.  Stor førpremiere på opninga av SAFTEN med revy nr 50 vart ein suksess og starten på ei ny tid for Palmerevyen.

Leikanger mannskor er klar med sin revy nr. 51 med premiære palmelaurdag 27. mars 2010 i kultursalen på SAFTEN.

Leikanger Mannskor fekk Fylkeskulturprisen i 1996.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

27.01 | 01:04
Leikanger Mannskor har mottatt 21
03.05 | 20:51
Palmerevyen 2011 har mottatt 8
17.04 | 15:01
LMK i media har mottatt 2
17.04 | 15:00
Palmerevyen har mottatt 2
Du liker denne siden